BTs (bildet øverst) og BAs minutt for minutt dekning av bergensrussens togtur til Geilo og russefest fikk Eli Kari Gjengedal til å skrive denne artikkelen om helgen i fjellet – publisert i Bergens Tidende 6. februar.

Dra meg baklengs inn i russebussen

Då sonen min kom heim til meg ein dag i fjor og informerte meg om at han skulle være russ og var med på russebuss stoppa verda opp for mor. Dette hadde eg rett og slett ikkje sett for meg.

Prinsen min, ravande rundt i ein skjeten russedress? Ramlande ut ev ein dunkande russebuss? Humpande avgårde til Stavanger i mai for å festet seg sjølv langt ned i tåkeheimen. Fyll, rus og slåsting. Eit vanvittig pengebruk. Mobbing og utestengelse. Laaaange kvite kokainstriper som vert støvsugd gjennom ein femtilapp opp i den fine nasen hans? Eg ser for meg ein hyper lyslugga kar, høg på seg sjølv medan standpunktkarakterane blir like raskt redusert som konfepengane på bok i banken.

Eli Karis artikkel i Bergens Tidende

Eg hadde berre lyst å legge meg under dyna, sovne og vakne opp til ei perfekt verden 18. mai 2024. Men det kan eg sjølvsagt ikkje. Eg har tatt eit aktivt val om å engasjere meg i russetida hans.

Dette har fått meg til å sjå ting frå ulike vinklar. Med ulike briller. Eg har starta ein Russemammapodcast kor eg har tatt for meg alt frå forbrukarrådet til politi og helse. Fylkeskommune og skule. Foreldre og ungdomen sjølv. Eg er langt frå utlærd, men eg er eit stykke på veg til å tenke sjølv og gjere meg opp meningar.

Det er mykje å frykte. Men i helga var eg på Bergensrussen sitt årlege vintertreff på Geilo. Det var ein svær festival nede i Hovet med russeartistar frå heile landet. Eit arrangement som likna ein hvilken som helst anna festival. På toget oppover frå Bergen hadde både BA og BT teke turen. Bergensrussens reise minutt for minutt. Oppslaga var som alltid, skeptisk til korleis dette ville gå. Sjølvsagt mellom linjene, fordekt med ein «gu kor gøy vi skal ha det» vri.

Men folkens, vi må aldri gløyme at vi ein gong har vore unge sjølv.

Nokre gonger begynner eg å lure på oss vaksne. Vi må hugse på at skal ein bli ein god vaksen så må ein også ha gjort seg erfaringar, tatt nokre støytar. Vi må knekke sosiale kodar, pushe grenser. Finne ut av kven vi er. Ungdomar har til alle tider brukt ungdomstida si på å bli vaksne. Vi går ikkje frå barn til vaksen i hovudet over natta. Der er ein mellomfase. Det må vi berre akseptere.

Det er klart at ein skal ha gode verdiar, ein skal være snille med kvarandre. Så enkelt som det. Utan noko meir snikk snakk rundt den saka. Men life is a beach som eg brukar å sei til sonen min. Nokre nedturar får ein og då må det taklast. Ein skal ikkje skjære alle over same kam eller stigmatisere som det heiter. Sjølv om nokre russekull har vore galnare og fælare enn andre så skal ein ikkje dømme den nye gruppa ungdomar.

Bergensrussen 2024 er ei heilt ny mengde gutar og jenter. Heilt andre menneskjer enn dei foregåande kulla. Dei er ikkje dumme på nokon som helst måte. Så langt har dei oppført seg akkurat slik ungdomar skal. Berre kanskje eit hakk snillare i år?

I fjellet tok dei i alle fall vare på kvarandre, dei heia på kvarandre og hadde det kjekt. Det er meir enn dei vaksne som var på fest i same fjellet kan skilte med, kor det både var bråk i døra og kranglete, fulle 50 åringar ute på vift! Eg var på plass begge stader og heilt edru, så eg fekk det med meg. Tenk over kva du sjølv gjer før du dømmer andre, for er vi vaksne egentleg så mykje betre enn ungdomen når vi er på fest?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *