Eit fenomen vi er aleine om på denne kloden. Den norske russefeiringa har tatt av på alle måtar spør du meg. No er min eigen son ein del av denne kulturen. Våren 2024 kjem til å sitte spikra i minneboka mi. Eg hadde aldri sett det for meg, men min einborne son Nikken kom ein dag og fortalde meg at han hadde bestemt seg for å være russ. Ikkje berre det, han skulle være med på russebuss!! Ein russebuss eg har teke delvis ansvar for.
Eg sit i klemma og aner ikkje kva eg har begjeve meg ut på.
Eg har mest sannsynleg skaffa meg eit helsikkes problem det neste året.Men eg må berre stå i det, håpe at det går bra. Lære så mykje som mogeleg av russen og kanskje forstå dei litt betre. Eg skal ut på ei reise gjennom russetida til kull 2024 i ein gammal russebuss. Eg skal følgje 20 elleville gutar på 18 og 19 år. Ein gjeng ungfolar som sprett i alle retningar. Uforutsigare, ustrukturerte men sjukt klare for vaksenlivet. Dei veit best og trur på det sjølv!
Eg skal ta med meg så mange ekspertar som muleg for å snakke om heile Russeuniverset. Kartlegge lover og reglar, helse, rus og kultur og mykje meir som dukkar opp på min hardcore russebussveg. Eg er blitt Russemamma og tek det på alvor. Kanskje mest for å prøve å kontrollere min eigen frykt. Frykta alle vi foreldre har når ungane kastar seg ut i noko som er fullt av farer. Når vi ikkje lenger kan bestemme alt. «If you can`t beat them, join them» er mottoet mitt.
Wish me luck.
