På mange måtar har eg blitt kasta ut i denne verdene mot min vilje, men det er ikkje heilt slik likevel. Eg har tatt eit aktivt val om å delta, om enn litt på sida. Eg veit at uansett kor mykje eg prøver så slepp eg ikkje heilt inn, men eg kan kanskje få lov til å pirke litt i overflata. Men då må eg oppføre meg. Eg er nemeleg ikkje ein av dei som opererer i denne verdenen, ikkje på langt nær. Eg vert nok sett på nærmast som ein inntrengar eller i verste fall ein fiende. Ein som jobbar i mot dei som er på innsida. Ein som kjempar kampar som i dei aller fleste tilfeller endar i tap. Tap For meg.

Men naiv som eg er fortset eg å kjempe, prøve å påvirke, prøve å prente inn nokre verdiar som kan nytte og kanskje bli adopert for dei neste som skal inn i denne bobla. For dei kjem til å bli erstatta når dei er ferdige. Desse aktørane i dette merkelege og lukka miljøet. Det rare er at dei gjev lyd i frå seg, dei markerer seg i vårt samfunn. Dei markerer seg i byen vår sjølv om dei er hemmelege på nærmast alle måtar. Når våren kjem ser vi dei rundt oss, tydelege både for auga og øyret. Dei lever sitta villaste liv nokre veker på våren før dei trekk seg tilbake og vert utskifta av neste kull. Dei eg snakkar om er RUSSEN!

Eit fenomen vi er aleine om på denne kloden. Den norske russefeiringa har tatt av på alle måtar spør du meg. No er min eigen son ein del av denne kulturen. Våren 2024 kjem til å sitte spikra i minneboka mi. Eg hadde aldri sett det for meg, men min einborne son Nikken kom ein dag og fortalde meg at han hadde bestemt seg for å være russ. Ikkje berre det, han skulle være med på russebuss!! Ein russebuss eg har teke delvis ansvar for. Eg sit i klemma og aner ikkje kva eg har begjeve meg ut på. Eg har mest sannsynleg skaffa meg eit helsikkes problem det neste året.

Men eg må berre stå i det, håpe at det går bra. Lære så mykje som mogeleg av russen og kanskje forstå dei litt betre. Eg skal ut på ei reise gjennom russetida til kull 2024 i ein gammal russebuss. Eg skal følgje 20 elleville gutar på 18 og 19 år. Ein gjeng ungfolar som sprett i alle retningar. Uforutsigare, ustrukturerte men sjukt klare for vaksenlivet. Dei veit best og trur på det sjølv!

Eg skal ta med meg så mange ekspertar som muleg for å snakke om heile Russeuniverset. Kartlegge lover og reglar, helse, rus og kultur og mykje meir som dukkar opp på min hardcore russebussveg. Eg er blitt Russemamma og tek det på alvor. Kanskje mest for å prøve å kontrollere min eigen frykt. Frykta alle vi foreldre har når ungane kastar seg ut i noko som er fullt av farer. Når vi ikkje lenger kan bestemme alt. «If you can`t beat them, join them» er mottoet mitt. Whish me luck.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *